Velkommen
til grassalt.no! |
|
Bluegrass-inspirert
trio
med Mathias Slettede,
Ronny Melby og
Odd Halvard Seterdal.
|
|
Dette er en midlertidig webside for domenet grassalt.no
Kven er vi:
Mathias er opphavleg frå Lom, men er nå busett
i Skjåk. Ronny og Odd Halvard kjem frå Skjåk.
Ronny er busett i Skjåk, mens Odd Halvard er busett
i Ål i Hallingdal.
Alle tre har om lag 15 års fartstid kvar, som musikarar
i diverse grupper og band. Mathias har spelt i fleire gammaldansgrupper,
mens Ronny og Odd Halvard for det meste har erfaring frå forskjellige
rocke- og countryband.
Bakgrunn for oppstarten av Grassalt:
Grassalt vart etablert på seinhausten 2004. Fleire år
med store band, mykje utstyr og mykje lyd, førte til
tanken om å gjera noko enkelt og akustisk. Bluegrass-inspirert
musikk var da eit naturleg val, sidan vi har erfaring innan
sjangrane country og gammaldans. Interessa for jordnær
og enkel tradisjonsmusikk, frå forskjellige deler av
verda, har også alltid vore i oss.
Målsetjinga vår:
Hovudgrunnen til at vi gjer dette, er gleda ved å spela
musikk for folk. Målet er å framføre kvek
og stemningsfull musikk, som får publikum i godt humør
og gjev dei ei positiv oppleving. Vi legg vekt på at
musikken blant anna skal passe inn i små intime lokal,
og at lyden skal ligge på eit behageleg nivå.
Musikken blir framført på tradisjonelle akustiske
instrumenter som blant anna kontrabass, mandolin og gitarar.
Booking:
Telefon: 907 53 170 / 959 83 829 / 911 04 464 |